PreForm AS
- Kunstproduksjonshuset i Fjaler -
Følg PreForm på Facebook
PreForm si oppgåve er å leggje til rette for profesjonell kunstproduksjon og kunstnarleg utvikling i Fjaler.
PreForm yter produsenttenester og rådgjeving til kunst- og kulturprodusentar frå både inn- og utland. Ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å leggje til rette for produksjon og arbeidsopphald i Fjaler. PreForm er óg ein aktiv pådrivar for å utvikle samarbeid på tvers av kunstdisiplinar og organisasjonar vi samarbeider med.
PreForm har kontor og base i kulturhuset Samvirket, sentralt plassert i Dale sentrum. Huset er eigd av Fjaler kommune, men PreForm har driftsansvar og har vidareutvikla huset til å bli eit moderne og profesjonelt kunstproduksjonshus på bygda.
Samvirket er produksjonsstad for scenebasert kunst som teater, dans og musikk. Vi har i tillegg to lydstudio og legg til rette for podcastproduksjon, lyddrama, lydbøker, lydkunst, musikkproduksjon m.m. Lyd, lys og anna produksjonsutstyr held høg kvalitet, og lokala er særs godt tilrettelagde for kunstproduksjon og andre kulturaktivitetar.
PreForm får si hovudfinansiering frå Norsk Kulturråd og Vestland fylkeskommune. PreForm AS er eit ideelt aksjeselskap og vart etablert i 2014 som eit resultat av Fjaler kommune sitt Bulystprosjekt med same namn.
Våre samarbeids-
partnarar
Samvirket er òg Teaterfestivalen i Fjaler sin faste base og ein naturleg samarbeidspart.
Andre viktige lokale samarbeidspartnarar er Fjaler kommune, Kulturskulen, Nordisk Kunstnarsenter Dale, Jakob Sande-senter for forteljekunst med fleire.
Vi er stolte av å kunne seie:
FJALER - Der kunsten møter bygda!
Vi som jobbar her
-
INGRID HANSEN
-
TORKIL SANDSUND
-
PERNILLE RIVEDAL HELLEVIK
-
MERETE IVERSEN
-
JAN TJØNNELAND