Jan Tjønneland

Teknikar

Tlf. 97 97 99 25

jan@preform.fjaler.no

“Eg har hatt hovudansvar for å bygge opp den nye scena på Samvirket med lys, lyd og sjølve scenerommet. Jobben min å sørgje for at alt lyd- og lysutstyr er tilgjengeleg og i god stand. Eg samarbeider med arrangørar og kunstnarar for å legge til rette scenerom og studio slik at alt er på plass når dei kjem. Eg har også eit auge på det meste og sørgjer for at alt det praktiske på scena fungerer under prøver og førestillingar. 

Om du treng teknikar til prøver og arrangement har eg lang erfaring både som lys og lydteknikar.”

Jan har nesten 20 års erfaring innan teater og scenekunst, mellom anna som scenemeister i Grieghallen i Bergen. Ikkje berre er Jan ein særs dyktig lyd- og lysmeister, han er også ein skikkeleg kreativ handyman som designar og lagar kulissar, rekvisittar og kostyme. Jan er ein JA-mann som alltid stiller opp, og som vi er veldig takksame for å ha med på laget! Når Jan ikkje er på jobb hos PreForm, er han i full aktivitet ein annan stad!