Fjaler - der kunsten møtar bygda!

RESIDENS

Produksjons- og arbeidsopphald

Med støtte frå Sparebankstiftinga i Fjaler kan PreForm no tilby kunstnarar i residens hos oss gratis bruk av scene og lydstudio på Samvirket. Lokala er svært godt tilrettelagt for teater, dans, musikk- og lydproduksjonar. I tillegg til hovudscenen og studio har vi fasilitetar som kjøken, bad og opphaldsrom.

Vi ønskjer velkomen prosjekt i ulike produksjonsfasar, men for å komme hit på arbeidsopphald så kan ikkje arbeidet være avslutta. Utover residens-ordning kan andre òg nytte lokala, etter avtalt leige.

I miljøet rundt PreForm finst det ulike ressursar som kan bidra inn i produksjonen etter avtale – anten det gjeld produsentarbeid, dramaturgi, lyd-design eller annan kunstnarisk rådgiving. Husets teknikar tek seg av innsjekk og utsjekk, men kan òg bidra til prosjektet etter nærare avtale.

Vi set stor pris på om de vil avslutte opphaldet med ein arbeidsvisning eller intern presentasjon, og vi hjelper gjerne med å organisere dette!

GRATIS produksjons- og arbeidsopphald i Fjaler!

Velkomen til Fjaler

- ein stad for kunstnarisk fordjupning, skaparkraft og fellesskap!

Foto: David Zadig

Fjaler har lang erfaring med å ta imot kunstnarar både i arbeidsopphald og i produksjonar.

Nordisk Kunstnarsenter i Dale har sidan 1998 vore vertskap for biletkunstnarar, medan Jakob Sande Senter for Forteljekunst sidan 2017 har utvikla arbeidsopphald for skrivande. Den årlege Teaterfestivalen i Fjaler har sidan 2013 tatt imot kunstnarar for produksjon og visning av scenekunst, dans og musikk.

Vi trur at det å reise bort frå allfarveg kan vere både inspirerande og frigjerande. Mange av dei som kjem hit, fortel at dei finn si eiga kunstnariske boble – med ro til å fordjupe seg og nye impulsar til arbeidet.

Dale er med andre ord ei levande bygd med eit mangfaldig kulturmiljø som byr på kreative ressursar og impulsar. PreForm bistår gjerne med å leggje til rette og fungere som bindeledd mellom våre gjestar og bygda slik at de får mest mogleg ut av opphaldet her.