We Met In June - releasekonsert
Eit friskt pust på den norske musikkscena med sin drøymande miks av visepop og Americana! Dei slepp debutalbumet ‘Loving Living’ fredag 16. februar og feirar med ein eksklusiv sleppkonsert med band på Samvirket i Dale laurdag 17. februar!!
Tider for konsert:
Dørene opnar: 19.30
Selvik: 20:30
We Met In June: 21.15
Billettpris: 249 kr // Student: 180 kr
We Met In June:
Duoen består av kjæresteparet Sara Rose Zadig og Gjest Ingeson Kvåle som med ulike musikalske reiser har skapt sitt eige uttrykk. Musikken er både nostalgisk og nyskapande, med klare referansar til legendariske Fleetwood Mac, samt moderne countrypop gigantar som Kacey Musgraves og Taylor Swift. Dei har spelt på scener over heile landet, deriblant på Norsk Countrytreff, Luttprisen og fått tildelt Drømmestipendet og plass i Talent Norge sitt prestisjefylte satsingsprogram ‘Pop Up’.
Våren 2023 slapp dei singelen ‘I Feel Fine’, ein perlande popdebut og første singel frå det kommande albumet, etterfulgt av energiske ‘When I Go’. 26. januar slepp dei singelen ‘Loving Living’ som også er tittelen på albumet! Tittelen ‘Loving Living’ er passande, for dette albumet handlar om nettopp det. Å elske og å leve. Duoen likar å sette ekstra fokus på små augneblink i kvardagen og skriver gjerne ei låt om ei kjensle som kanskje berre varar eit lite sekund.
Selvik:
Den lokale musikaren Øyvind Selvik lagar og gjev ut musikk med norske tekstar under namnet Selvik. Han har saman med bandet sitt spelt konsertar på større og mindre scener her på Vestlandet. Nyleg slapp han også singelen «Heilt ny himmel, heilt ny dag» frå det kommande albumet hans «Lang historie». Musikken fokuserer på gode melodiar og vekslar mellom ulike stemningar. Her finn ein både melankolske viser og brautande rock. På Samvirket spelar han ein akustisk duo-konsert saman med Mathilde Gjelsvik.
Billettar:
https://samvirketscenefjaler.ticketco.events/…/we_met_in…