Tilbake til alle arrangementer

AVLYST- GRUNNET SYKDOM Konsert Good Time Charlie

Good Time Charlie på Samvirket!

Onsdag 27.mars spelar Good Time Charlie på Samvirket!

Vi ynskjer velkomen til ein kveld fylt med god musikk, fest og moro.

Good Time Charlie (GTC) reknast i Norge for å vere eit pionèrband for autentisk rhythm and blues, noko dei også har hausta nasjonal og internasjonal anerkjenning for. GTC har mellom anna vore backingband for blueslegendar som Lowell Fulson, Hubert Sumlin, Pinetop Perkins og Jimmy Dawkins.  

Med 12 kritikarroste album og fleire nominasjonar til Spellemannprisen har bandet sett tydelege spor etter seg. I seinare tid har GTC med konseptet ”Jubelblues” truffe innertiar i det å spele blues på dialekt for born i alle aldrar. 

I 2024 er GTC på vegen med originalbesetninga på bandet sitt første album ”Comin’ Down With The Blues” i 1995. Plata blei hylla av anmeldarane og har i ettertid fått status som ein milepæl blant norske bluesutgivelsar. ”Comin’ Down With The blues” blir ofte referert til som inspirasjonskjelde for bluesmusikarar i Norge. 

Good Time Charlie: 

Arle Hjelmeland – vokal, munnspel //Johnny Augland – gitar, piano, vokal //

Per Fredriksen – trommer //Leif Korsnes – bass, vokal //Steinar Karlsen – gitar, vokal 

Det blir open bar frå kl 20.00
Konsertstart kl 21.00

Vel møtt!

Forrige
Forrige
17. februar

We Met In June - Releasekonsert//Support: Selvik

Neste
Neste
2. april

Velkomen til OPEN PRØVE