Gjestekunstopphald i Samvirket:
Parini Secondo frå Italia
Det italienske kompaniet Parini Secondo er på gjestekunstopphald hjå PreForm i Samvirket. Her skal dei vere siste veke i mars og fyrste veke i april, for å gjere siste finpuss på framsyninga HIT, kor dei lager kunst av å hoppe hoppetau.
Sjølve beskriv dei framsyninga slik:
Parini Secondo (IT) HIT
Dei døde sin song er ekkoet av tore.
Parini Secondo nytter seg av hoppetau som atletisk praksis og rytmisk element i sin nye produksjon, HIT.
Den gjentakande flyten i tauet sin rotasjon rundt dei som hoppar er ein illusjon. Gjentakingane er ei spiral som forvandlar tida på metaforisk vis frå det verkelege til det rituelle. Kombinasjonen av det sportslege og rituelle elementet opnar ein veg mot det sublime, kor atletisk øving gjennom gjentaking dannar ei opning mot noko åndeleg. Overgangen frå det treningsmessige til det performative skjer umerkeleg, og skjuler innviinga sin sti som koplar dei saman, ein sti som elles er inspirert av den klassiske leken: å hoppe paradis, på rutenettet etter grunnplanet på en krosskyrkje, men som her vert gjort i fransk spiralversjon, l'escargot .
HIT-teaser (https://www.youtube.com/watch?v=TfWfXOglgvI)
Nettside:https://www.parinisecondo.it/
Vi inviterer til open prøve 2. april 2024 kl. 18:00
Framsyninga er gratis for alle og vi og kompaniet hadde sett stor pris på om du kom!
Sted: Samvirket i Dale, Fjaler
Work in progress
Arbeidsopphaldet mottek støtte frå Istituto Italiano di Cultura di Oslo (https://iicoslo.esteri.it/no/) og er eit samarbeid med BIT Teatergasjen i Bergen. https://www.bit-teatergarasjen.no