WORKSHOP-KONSERT
Kulturskulen presenterer; “WORKSHOP-KONSERT” 15.februar klokka 19.00 på Samvirket i Dale.
12 elevar frå Hyllestad, Askvoll og Fjaler kulturskule skal saman med nokre av lærarane framføre konsert denne kvelden. Vi byr på ein liten time med variert popmusikk på den nye storscena i regionen. Konserten er avslutninga på workshop som elevar og lærarar har hatt saman med Sjur Vonen. Les meir om Sjur her.
Sjur Husom Vonen er en av dagens mest brukte gitarister i moderne popmusikk her til lands. Han er gitarist og har vært turnéleder for Sondre Justad og har også spilt med alt fra Astrid S og Dagny til Ingebjørg Bratland og Alan Walker. Sjur sitt smittende humør og spilleglede vises alltid på scenen
Gratis inngang og ope for alle. Publikumskapasitet 200
Arrangør: Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler