Tilbake til alle arrangementer

Satan er ei kvinne// Diktkonsert i Samvirket

SATAN ER EI KVINNE
Han sa so, Jakoben.

Skodespelar Oda Alisøy har røtene sine frå bygda til Jakob Sande, og ein kan nærast seie at ho har fått diktinga hans inn med morsmjølka. Difor er dette ei framsyning som ligg hjarta hennar veldig nær. Sande er mykje lest og sunge, men kanskje dukkar det i denne konserten, opp eit dikt eller to som ikkje har fått skine like mykje i rampelyset?
For no er det på sin plass å vie ein kveld til kvinnene i Sande si dikting.
Til denne vesle dikt-konserten har Oda samla eit knippe dikt om, nettopp, KVINNA. Frå dei næraste skildringane av ein kvinnekropp til grufulle hendingar i ei kvinne sitt liv. Vi møter kvinna som barn, ungdom og godt vaksen. Den gudommelege kvinna, kvinna på kanten og kvinna i livet. Og satan då, sjølvsagt.

Til å tonesette kvelden har Oda med seg pianist Andreas Jess-Bakken, og saman tar dei deg med på ei vidunderleg, morosam, vemodig og kjærleg reise ilag med Jakoben og alle kvinnene hans.

Dikt-konserten er produsert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret. Diktkonserten i Fjaler er eit samarbeid mellom Fjaler kommune, Samvirke scene og Jakob Sande - senter for forteljekunst.

Konsertstart kl.20. Dørene opnar 19. Open bar.
Framsyninga varer i 1 time og 20 minutt medrekna ein kort pause midt i.

Skodespelar Ida Løken Valkeapää er i residens i Jakob Sande - senteret denne veka. Under opphaldet jobbar ho saman med musikar Eline Sundal, som er fastbuande i Fjaler. Denne veka finn du dei i eitt av PreForm sine lydstudio i Samvirket. Dei har tidlegare samarbeidd om fleire prosjekt, og under Ordkalotten i Tromsø i november har dei nypremiere på diktkonserten "Triumf att finnas till". Det er ein diktkonsert basert på Edith Södergran si dikting. I 2023 er det 100-årsjubileet for den finske poeten Södergrans bortgang. Ho er ein av Nordens fremste modernistiske poetar, kjend for sitt gnistrende språk. Södergran var både omdiskutert og nyskapande i sin tid, men dikta hennar kjennest framleis friske og kraftfulle i dag.
Før diktkonserten med Oda Alisøy på laurdag, får de ein smakebit av Ida og Eline sitt arbeid. Som ei oppvarming til kvinnene i Sande si dikting. Dei startar kl.19.30.
Velkomen!

Billettar i Ticketco.

Forrige
Forrige
26. oktober

Konsert med Jan Eggum

Neste
Neste
1. november

Korte år, lange dagar // Samir Madad