Tilbake til alle arrangementer

Konsert med Jan Eggum

Opplev Eggum i sitt rette element!

Jan Eggum, ein av Noregs mest elska musikarar, er på vegen og klar til å trollbinde deg med sine tidlause låtar. Anten du er ein trufast fan eller aldri har opplevd han på konsert før, vil du ikkje bli skuffa.

Det er stas å kunne ønskje Eggum velkomen tilbake til Fjaler som første artist på Samvirket Scene etter ombygginga.

Med ein karriere som spenner over 50 år, har Jan Eggum skapt ein imponerande katalog av songar som treff hjartet og reflekterer over livets opp- og nedturar. Med sine djuptgåande tekstar har han oppnådd status som ein av Norges mest respekterte og kjende artistar. Han er unik som kunstnar og utøvar og driven i møtet med publikum, som spenner frå 15 til 85 år!

Lat deg fange av Eggum sine framføringar og opplev hans lidenskap for musikken. Anten det er dei melankolske balladane som treff deg rett i hjartet, eller dei meir oppstemte og fengjande låtane som får deg til å dansa i stolen, vil du bli reven med av Jan Eggums særeigne stil og lune humor.Kom og bli med på ei reise gjennom Jan Eggums fantastiske musikkunivers!
Kjøp billettar i dag og unn deg sjølv ei ugløymeleg konsertoppleving!

Frå kl. 18.00 vil det vere bar/kafé på Samvirket.

Kjøp billettar her.

Forrige
Forrige
22. oktober

Konsert og basar

Neste
Neste
28. oktober

Satan er ei kvinne// Diktkonsert i Samvirket