Ein personleg hiphop-monolog om å vere eit barn på flukt
I ei monologframsyning krydra med eigne låtar, fortel Samir Madad om heimstaden sin i Afghanistan, om sollyset gjennom trea rundt gardsplassen og om den dramatiske reisa som varte i fleire år – som tok han til ein bitteliten tettstad på Nordvestlandet. Korte år, lange dager er ei forteljing om å bli invitert på si første julefeiring og om å få seg norske besteforeldrer. Om å oppdage hiphop, om å ønske seg bunad, om å bu i et kott på Helsfyr. Om ein pappa som forsvinn.
I 2001 var Samir seks år gamal og flykta i lag med mamma, pappa og storebror frå Afghanistan. Flukta varte i to år. Sidan 2003 har Samir budd i Noreg, der han jobbar som ungdomsarbeidar, musikar og fotograf. Men da pandemien banka på døra og verda stengte seg inne, pressa Afghanistan og reisa til Noreg seg framover i hjernebarken. Som vaksen, i stillheita av ein lockdown, tok han for aller første gong innover seg "kva denne kidden eigentleg har gått igjennom".
"En sterk fortelling løftes fram med humor, selvinnsikt og drivende hip hop" Dagsavsien (Terningkast 5)
Regissør: Hedda Sandvig. Med Samir Madad. Musikk: Samir Madad, Scenograf og lysdesignar: Agnethe Tellefsen, Musikkonsulent: Beatur, Lydteknikar: Anders Siegrist Oliver. Inspisient: Cici Henriksen, Produsent: Anja O. Kjærnli. Produsert av SPKRBOX Støtta av Kulturrådet, Scheiblers legat, Bergesenstiftelsen og Fritt Ord