Dalsfjordbrua - 10 år etter
Aksjon Dalsfjordbrua 10 år etter inviterer til jubileumsfeiring med kultur, utstillingar, filmar og politisk samtale i det nye kulturhuset Samvirket i Dale laurdag 16 . desember kl 13.00 og utover dagen. Både Drops med Hanne H Dybvik og Jeff Pedersen med E.P. Eikemo vil opptre.
Like viktig som feiring vil arrangementet synleggjere ringverknader så langt. Vi ynskjer å sjå framover i HAFS med pågåande prosjekt som bru i Solund, Atløysambandet, rassikring i Heilevang og fylkesveg 57 mellom Dale og Førde.
Vi har sjølvsagt invitert noverande statsforvaltar og tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete med i samtale med Helge Johnsen, Arve Helle, Tore Bråstad for litt mimring, men mest om framtida! Samtalen vert leia av Per Arne Tveit.
Arrangementet er gratis, det vert kafésal ved 9. klasse frå Dingemoen skule og sal av boka "Den hersens brua". Vi lovar ei hyggeleg stund i julestria!
Konferansier gjennom dagen er Henning Rivedal.
Det skjer også noko torsdag 14.12, sjølve opningsdatoen av brua. Kl. 17.00 må de sjå mot brua. Då vert det fyrverkeri for å feire jubileet!
Utstillinga er laga i samarbeid med Reisæter kulturtenester og Fjaler Film m. fl.
David Zadig vil stille ut foto han tok i 2013 under bygginga av brua og av arbeidarane. Dei finn du i utstillingsrommet på Dale Senter og nokre inne på Samvirket. Salsutstilling.
Kl 19.30 vert det julebord i høve 10 års jubileet på Kaia i Dale. Nybø Band spelar opp. Påmelding direkte til Kaia tlf 918 88 659 Epost frankeven65@gmail.com. Kanskje, og mest sannsynleg, kjem det ei historie frå bruaksjonskomitèen?
Kontaktpersonar Dalsfjordbrua 10 år etter:
Rolf Kleiven tlf 415 30 772
Margrete Reisæter tlf 995 48 767
Arrangementet er støtta av Sparebankstiftinga Fjaler, Dale Senter, kommunane Askvoll og Fjaler, Dale vgs, Sandnes Fiskeoppdrett AS, Hywer AS Helle fabrikker, Atle Kalvøy, Havtal, Holmedal Elektriske m fl