Tilbake til alle arrangementer

Tilstander av unntak // Transiteatret-Bergen

Prisvinnande framsyning om timen som forandra Noreg

Prisvinnande framsyning om timen som forandra Noreg

Vi er utruleg glade for å få besøk av turnéversjonen av den prisvinnande framsyninga "Tilstander av Unntak". Framsyninga tar for seg eit utsnitt av det som skjedde 22. juli 2011, og vann to Heddaprisar, samt Osloprisen for beste framsyning i 2020.

Det er nå over ti år sidan– det er allereie historie: Ei tidslinje strekker seg gjennom eit reisverk, av kamera, instrument, løypestrenger, bandspelarar og små og store høgtalarar. Sekund for sekund, minutt for minutt, skal eit team av teiknarar, musikarar og filmkunstnarar rekonstruere tida det tok ein ung mann å sprenge eit norsk regjeringsbygg for etterpå å avrette unge sosialdemokratiske politikarar på sommarleir.

Hendingane vert rekonstruert, frå rekkja av augneblink denne dagen, då ingen heilt visste kva som var i ferd med å skje; kva som var viktig og ikkje; kven som skulle kome til å stå bak, og kva utfallet av denne fredagen skulle kome til å bli.

Publikum tas med tilbake til byrjinga, til eksplosjonen i Regjeringskvartalet. Deretter følgjer seksti skjelsettande minutt – nøyaktig ein time – som rysta Noreg ein regntung fredags ettermiddag sommaren 2011.

Medverkande: Anders Elsrud Hultgreen (kamera) Tor Christian F Bleikli (lys/kamera) Øystein Nesheim (teikning og lys) Morten Skage (teknikk og bass) Regi, musikk og Audio-Visuelt konsept: Tore Vagn Lid

Les meir og kjøp billettar her

Forrige
Forrige
27. november

Frivilligmøte

Neste
Neste
16. desember

Jubileumsfeiring for Dalsfjordbrua – 10 år etter