Konsert med 1991
1991 durar laus med første konsert på heimebane. Kva betre plass enn den splitter nye kulturscena på Samvirket i Dale? Det her blir eit langt, sterkt, og innspikra sett med alt frå den kommande plata pluss meir.
CC 280,- NOK.
I ei elegant innpakking viser bandet 1991 at bergensbølgja aldri var heilt ferdig med å skylje godt innover det norske musikklandskapet. 1991 har base i Bergen, men tar med seg råskapen frå Sogn og Fjordane.
Bandet har allereie markert seg med singelen “Hodet over vann”, som gjekk rett inn på spelelistene i NRK P3 og P13. 8. desember kjem singelslepp nr. to.
1991 har spelt på dei mest prestisjetunge musikklubbane i Bergen, som Hulen, Madam Felle og Victoria Café & Pub, og jungeltelegrafen har allereie begynt å melde om at rocken er så langt, så langt frå død!
Musikken kan seiast å være ei blanding av stadionrock og skandinavisk vestkyst-rock inspirert av store 90-talsheltar som Smashing Pumpkins, Nirvana, Dum Dum Boys og Oasis.
Låtane rommar store gitar-riff, fengjande vokal-linjer og apellerer til eit breitt publikum, utan at det går ut over den musikalske integriteten.
1991 er kort og godt eit svinbra og allsidig liveband med stor sjangerbreidde og scenesjarm.
(Bandet består av) Torkel Eikevik - vokal og gitar, Severin Sandvik - trommer, Sander Solås - gitar og Stian Brungot - bass
https://ticketco.events/admin/events/entities/384335/edit