Teater Vestland presenterer ALLE FANTASTISKE TING av Duncan Macmillan og Jonny Donahoe
1: Iskrem
2: Vasskrig
3: Få vere oppe etter leggetid og sjå på TV
4: Fargen gul
5: Ting med striper
Du er sju år og lager ei liste over alle dei tinga som gjer livet verdt å leve. Mora di er nemleg på sjukehus fordi “ho har gjort noko dumt”, som faren din seier. Og lista er forsøket på å gjere henne glad.
24: Spagetti bolognese
Lista blir lengre og lengre
313: Ha piano på kjøkenet
Gjennom oppturar og nedturar i livet føyer du til stadig nye ting.
4997: Gåver du faktisk vil ha, men ikkje har ønskt deg
No er du vaksen, og lista nærmar seg svimlande ein million oppføringar. Er det nok? Til at livet er verdt å leve?
“Alle fantastiske ting” leitar etter dei store og små detaljane i livet som fyller oss med meining. Eller kanskje er det detaljane som er sjølve livet? Med blikket festa på dei riktige tinga kan vi kanskje finne det som løftar oss opp.
Duncan Macmillan sin tekst har tatt store delar av teaterverda med storm og sjarmert publikum kor enn den har blitt vist. Det er berre å gle seg til å bli med skodespelar Harald Ottesen Nødtvedt inn i denne morosame og rørande framsyninga om noko så krevjande som depresjon og livets tyngste oppoverbakkar.
Kunstnarleg lag
Av Duncan Macmillan og Jonny Donahoe
Regissør og visuelt uttrykk Nils Petter Mørland
Lysdesignar Gard Gitlestad
Lyddesignar Håvard Gresum Antonsen
Omsetjar Terje Lyngstad
Medverkande Harald Ottesen Nødtvedt
Colombine Teaterforlag
Plakatfoto David Zadig og Univerket
Forestillingstart kl. 18.00
Billettar: https://billett.teatervestland.no/webshop/webticket/bestseatselect?eventId=159&el=true