Kollektiv Norden
Kollektiv skriving på tvers av Norden!
Vi inviterer publikum inn til ein presentasjon av eit spennande skriveprosjekt og lesing av heilt fersk scenetekst, frå fem særeigne forfattarstemmer frå Norden. "Kollektiv Norden" er eit skriveprosjekt, initiert av Cornerstone i Bergen. Over ein toårsperiode møtast forfattarane Tale Næss (NO), Jonas Eika (DK), Fatemeh Ekhtesari (IR/NO), Timimie Gassko Märak (Sápmi)og Henning Bergsvåg (NO) i eit av dei nordiske landa og skriv saman. Dei har hatt samlingar i København, Gotland, Hammerfest - og no Dale og Jakob Sande - senter for forteljekunst. Prosjektet får premiere på Bergen Dramatikkfestival i 2024, i regi av svenske Annika Silkeberg. Men laurdag føremiddag kan du få eit innblikk i arbeidet - som m.a. reflekterer over tanker om kva Norden er i dag.
Teksten vil bli lest av Idun Vik, Miriam Prestøy Lie, Tale Næss, Torkil Sandsund, m.fl. Gratis inngang !
Kollektiv Norden er på arbeidsopphold i Dale, med Jakob Sande-senter for forteljekunst og Preform som vertskap.
Les meir om prosjektet og forfattarane på:
https://www.cornerstones.no/kollektivnorden
Sjå mindre